Full klaff under Finn Fram dagen i Sveio!
Postet av Norges Orienteringsforbund den 5. Sep 2024
Fikk det vakraste sommarveret ein kunne ønskja seg!
Over: Henny Frøland Førde spurtar mot mål i speed-orientering.
Thomas Førde, tekst og foto
Etter fleire veker dominert av regn og blåst, kom søndag 1. september som bestilt for Sveio Orienteringslag og deira samarbeidspartnerar. Til Finn Fram dagen, som Sveio O-lag har arrangert kvart år sidan 2008, kom det vakraste sommarveret ein kunne ønskja seg.
Om lag 200, store og små besøkte arrangementet, som var lagt til den idylliske strandparken i Førde i Sveio kommune. Sveio O-lag hadde laga til ei rundløype i parkområdet med åtte ulike postar. På kvar post var hengt opp ein plakat med o-tekniske spørsmål som deltakarane skulle svara på. Kart med innteikna postar og svar-ark blei delt ut ved staren av rundløypa. I tillegg til dei o-tekniske oppgåvene kunne deltakarane prøva seg på ulike aktivitetar. Her var tilbod om speed-orientering, pilkast-tevling, hesteskokasting, skyting med luftgever, livlinekasting, kanopadling og bering av vassbøtter på strak arm.
Det var premiering i dei ulike øvingane i tillegg til deltakarpremie til dei yngste som gjennomførte rundløypa og svarte på alle oppgåvene.
Sist men ikkje minst hadde Sveio O-lag kiosk-sal på den eine av dei åtte postane. Her kunne deltakarane kjøpa pølser i brød, nysteikte vaflar, kaker saft og kaffi.
Mange bord og benker i den idylliske parken i strandkanten eigna seg godt til å nyta ein velfortent matpause etter fullført rundløype. Nokre nytta jamvel høve til eit forfriskande sjøbad i fjorden.
Sveio O-lag hadde desse som medarrangørar under årets Finn Fram dag: Førde-speidarane, Bua-speidarane, Sveio Turlag og Lid 4-H.
Familien Askeland, Sveinung, Ingeborg og Svein Inge løyser o-tekniske oppgåver i rundløypa.
Førde-speidarane kunne på ein av postane i rundløypa tilby deltakarane å prøva kanopadling.
Ein populær post i rundløypa var kiosken med nysteikte vaflar.