Unge rekruttar i sprint og mellomdistanse!
Postet av Norges Orienteringsforbund den 5. Sep 2024
Sveio hadde mange på nærløp tysdag.
Over: Dei to unge løparane, Johanna Sætre Færevåg og Ellen Kvala, stemplar på målposten medan mødre og bestemødre heiar.
Gledeleg mange unge rekruttar deltok i Sveio O-lag sitt nærløp tysdag. Det var Haugesund IL Orientering som hadde mobilisert rekruttane til å delta i ei løype som gjekk mest langs turstiar og gangvegar i den idylliske strandparken i Førde i Sveio kommune.
Sveio O-lag sine løypeleggjarar, Kjetil Fiskå og Thomas Førde, hadde laga fire ulike løyper med like mange ulike ferdigheitsnivå. Den lengste løypa starta som mellomdistanseorientering med fleire strekk i realt og dels tungt skogsterreng. Mange postar i skiftande retningar prega løypa, men siste halvdel bar meir preg av sprintorientering i parklandskapet langs stranda og fjorden.
Kartet som blei nytta vart første gong tatt i bruk i 2002 og er teikna av Skogsopplevelser etter sprintnorma og er i målestokk 1: 4000.
Totalt stilte 43 o-løparar frå klubbane i Nord Rogaland og Sunnhordland til start. Klar siger i langløypa blei det til den talentfulle unge o-løparen Natanael Tolås frå HIL.
Løyper:
SOL Nær-o-løp 3.sept 2024 med layout.Løype A.pdf
SOL Nær-o-løp 3.sept 2024 med layout.Løype B.pdf
SOL Nær-o-løp 3.sept 2024 med layout.Løype C.pdf
SOL Nær-o-løp 3.sept 2024 med layout.Løype N (1).pdf
Filip Sveen stemplar på siste post i langløypa.
Den talentfulle 15-åringen, Natanael Tolås, frå Haugesund IL Orientering blei klar vinnar i den lengste løypa.
Einskilde deltakarar valde ein avkjølande løpetur på stranda etter målpassering.
Kjetil Fiskå frå Sveio O-lag tar imot rekruttane i målområdet
Rekrutten Johannes Sande får gode råd frå den meir erfarne o-løparen Erik Vie til venstre medan far Ole Meidell Sande lyttar.
Sveio O-lag arrangerte nærløp på nytt sprintkart.
Resultatliste ligg nå i Eventor.
https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=20548&groupBy=EventClass
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Norges Orienteringsforbund
Ønsker du skadeforsikring for 2025 sesongen?
20.12.2024
Ny brosjyre om orienteringskart!
20.12.2024
Bli med å feire Friluftslivets år!
19.12.2024