Eventyrleg Vestlandspremiere
Postet av Norges Orienteringsforbund den 7. Apr 2025
Vårsol og påskelijer dannet rammen under sesonginnledningen i vest.
Over: Premiering av deltakarane i klassa N-Open.
Under: Nysteikte vaflar gjekk unna i vårsola.
Av Thomas Førde, tekst og foto
Varm vårsol og knallgule påskeliljer langs vegen til start. Skyfri himmel, idyllisk arena, flott o-terreng, nytt kart, velfungerande løyper, nysteikte vaflar og premiar til dei yngste. Stort betre forhold kunne dei om lag 200 deltakarane knapt ønskja seg då Sveio O-lag laurdag 5. april inviterte til Vestlandspremieren i mellomdistanse.
I eit stirikt og småkupert løpsterreng i Auklandshamn, med kystfuruskog og beitande sauer, var Kenneth Westerheim frå Stord IL raskast i den lengste løypa, i klasse H17. Men Sigurd Oftedal frå Sandnes IL var berre 12 sekund bak sigeren.
Klasse D17 blei vunnen av Aud Hognestad Taksdal frå Ganddal IL, framfor Ida Johannes Aadland frå Samnanger IL.
Thomas Førde og Kjetil Fiskå stod bak dei åtte ulike løypene, medan Ørjan Ravdal i selskapet Skogsopplevelser hadde synfart og revidert ein ny versjon av kartet til dette arrangementet.
Vestlandspremieren var i år, som i fjor, sett saman av tre løpsdagar. Fredag kveld arrangerte Bremnes IL eit sprintløp, medan Stord IL stod for det avsluttande arrangementet med langdistanse søndag.
Heile denne vestlandske o-sesongstarten vart velsigna med like strålande vårver.
Resultater og Livelox:
https://eventor.orientering.no/Events/Show/21358
Foto:
Relativ raske løpstider i mange av løypene medførte til tider kø ved tidtakarbua
Det strålande vårveret gav stor inspirasjon ved start.
Sjekk av brikkenummer før start. Geir Milford sjekkar at Martin Enerstvedt, har alt i orden.
Nyutsprungne påskeliljer markerte vegen til start.
Ingrid Sveen frå Haugesund IL tar føringa inn mot siste post.
Jana-Elena Koser Frå Haugesund IL på veg ut frå siste post
Harry Breiland frå Ålgård Orientering blei berre slått av Bjørn Alsaker frå Stavanger OK i klasse H70.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Norges Orienteringsforbund

Fosser og Scheele best på Smaaleneneløpet!
06.04.2025